KVUen skal gje ei brei fagleg vurdering av problemstillingar og faglege utfordringar knytta til utvikling av byområdet i Haugesund og for E134 frå Karmøy hamn/flyplass til Aksdal.
Ein viktig del av KVU-arbeidet har vore å sjå løysingar for heile byområdet Haugesund.
Skal framtidas transportsystem i Haugesund baserast på bilbruk? Korleis legg vi til rette for kollektiv-løysingar? Utbyggingspresset i området er stort, og det er difor viktig å sikre gode løysingar for framtidig korridor.
KVU-rapporten er utarbeidd av Statens vegvesen i 2015 på oppdrag frå Samferdsledepartementet.