Registrering av hus
Statens vegvesen har registrert tilstanden på hus og bygningar som ligg i ein bestemt avstand frå tunneltraseen. Omfanget av registreringa er definert i Norsk standard. På dei aktuelle eigedommane er alle bygningar registrert, fotografert og dokumentert.
Føremålet med kartlegginga er å skaffe ei objektiv skildring av tilstand på bygningar. I ettertid kan vi sjå om sprengingsarbeida har påverka hus og omgjevnader. Dette er nyttig ved eventuelle skadesaker.
Lagring av data
Bilder og video-opptak som blei samla i samband med registreringa av hus og bygningar, blir lagra i samsvar med Datatilsynet sitt regelverk. Lovverket seier at data skal lagrast i ti år etter at anleggsarbeidet er ferdig.
Energibrønnar
Statens vegvesen ynskjer å vite om brønnar i nærleiken av prosjektet. Har du ein brønn, til dømes energibrønn eller grunnvassbrønn på din eigedom, ta kontakt med Statens vegvesen. Vi ber om dette for å kunne handtere brønnar som kjem i konflikt med tunnelen.
Renovering/oppussing
Vi reknar med at det er grunneigarar som vil gjennomføre oppussing/renovering i perioden etter at tilstanden til huset er registrert. I dei fleste tilfella vil informasjonen frå den registreringa som alt er gjennomført, vere tilstrekkeleg. Det vil ikkje bli gjort supplerande undersøkingar, men huseigarar er velkomne til å ta kontakt med prosjektet for informasjon eller spørsmål. Eventuelle meldingar om bygningsskader vil bli gjennomgått av personell med fagteknisk bakgrunn.