Ristingar ved sprenging
Statens vegvesen legg opp til at det skal tas omsyn under sprengingsarbeidet, slik at ristingane er tilpassa hus og grunntilhøva.
Det er laga grenseverdiar for kor store ristingar som er lov på bygningar. Dette er regulert i Norsk standard for støy og vibrasjonar. Entreprenøren som sprenger må planlegge sprengingane slik at vi ligg innanfor grenseverdiane.
For å ha kontroll på at salvene ligg under nivået for ristingar som er bestemt, blir det sett ut målarar på utvalte hus langs traseen. Dei har automatisk registrering og avlesing og blir flytt etter framdrifta på arbeidet.
Når det blir sprengt i fjellet vil bebuarar i nærområdet føle at huset ristar og dette kan noen oppleve som dramatisk. Det er ein naturleg reaksjon at vi føler at huset ristar veldig kraftig, sjølv om vibrasjonane er mykje mindre enn det huset tåler. Rørslene er i realiteten ganske små.
Sjølv om ristingane er små kan lause gjenstandar som er plassert i hyller, flytte seg og til slutt ramle ned og bli øydelagd. Eit godt råd er å sjekke gjenstandar som du bryr deg om ofte. Eit anna tips er å plassere gjenstandar på eit mjukt underlag og godt inne på hyllene.
Vi har hatt ei SMS-varsling for dei som ynskte å vere meir førebudd på sprengingar.