Endra køyremønster langs Reperbanen ved Glass Knag
Fredag 3. januar blir det endra køyremønster for bilistar langs Reperbanen i Sandviken.
Det vil bli opprettheldt to køyrefelt på strekninga, men køyrefelta vil bli splitta med ein arbeidssone langs med midtlinja.
I samband med etablering av anleggsområde vil det natt til fredag 3. januar gå føre seg kvelds- og nattarbeid frå klokka 21:00. Arbeidet som skal gå føre seg er skilting og sikringsarbeid.
Anleggsarbeidet langs Reperbanen er omfattande, då det ligg mykje viktig infrastruktur i grunnen. Den nye sykkelvegen langs Reperbanen og Sandviksveien vert senka 1 til 1,5 meter ned, og arbeidet som skal bli utført nå er førebuande arbeid til å kunne etablere den nye sykkelvegen.
Endra køyremønster langs festningsmuren
Frå torsdag 2. januar vil det også bli endra køyremønster langs festningsmuren og bort til Bontelabo grunna omlegging av arbeidsområde. Arbeidet vil medføre innsnevring til eit køyrefelt og lysregulering. Trafikantar må berekne noko lengre reisetid og noko kø. Alternativ rute vil vere å køyre via E39 Fløyfjellstunnelen.
Arbeida vil gå føre seg på dagtid mellom 07:00 og 15:00.
Kontaktperson:
Bjørn Rusten Lundberg
Byggeleder Statens vegvesen
Mobil: +4797422488
E-post: