Informasjonsmøte for E39 Sykkelstamveg Bergen Skjold-Nesttun
8. januar inviterte Statens vegvesen, Fyllingen Maskin AS og Strand AS naboer, næringsdrivande og andre interesserte til informasjonsmøte.
På møtet informerte vi om arbeidet som skal bli gjort med etablering av sykkelstamveg mellom Skjold og Nesttun. I møtet sa vi noko om prosjektets omfang, framdriftsplan, vidare plan for informasjonsformidling og kontaktinformasjon til prosjektleiinga.
- Når: Onsdag 8. januar
- Tid: 18:00-19:00
- Sted: Skjold Skole (Adresse: Fanavegen 59, 5236 Rådal)
Presentasjoner
Her finn du presentasjonane som blei lagt fram i møtet:
Om prosjektet
Statens vegvesen signerte i november kontrakt med Fyllingen maskin AS og Strand AS for bygging av sykkelstamveg på den to kilometer lange strekninga mellom Skjold og Nesttun. Prosjektet er finansiert av Miljøløftet, og inneber å bygge ny gang- og sykkelveg åtskild frå biltrafikken.
Den nye traseen skal auke trafikktryggleiken då den gir meir trafikksikre kryss, den skil gåande og syklande og den fjernar eksisterande biltrafikk på gang- og sykkelvegen. Desse tiltaka vil legge til rette for at fleire skulebarn og andre kan gå trygt, sjølv ved auka sykkeltrafikk.
Ny gang- og sykkelveg vil også gi redusert reisetid og betre framkome for gåande og syklande, noko som gjer at prosjektet bidrar til at vi kjem eit steg nærmare å oppnå nullvekstmålet.
Strekninga Skjold-Nesttun skal stå ferdig hausten 2026.
Kontaktperson:
Inge-André Håkull
Delprosjektleder Statens vegvesen
Mobil: +4747802877
E-post: inge-andre.hakull@vegvesen.no