Frå måndag 7. oktober til torsdag 10. oktober vil det bli innsnevring til eit køyrefelt og manuell dirigering i området mellom Bontelabo og Skutevikstorget

Måndag 7. oktober og tysdag 8. oktober vil det føregå arbeid med fjerning av asfalt langs kantstein mellom kl. 09:00 og 14:00. I desse tidsromma vil det vere manuell dirigering på området, men arbeidsområdet vil vere av ein mindre skala.

Onsdag 9. oktober vil det føregå arbeid mellom kl. 07:00 og 19:00 og på torsdag 10. oktober vil det føregå arbeid mellom kl. 07:00 og 15:00. Arbeidet vil involvere fresing og legging av ny asfalt. Det vil vere manuell dirigering i området frå onsdag morgon kl. 07:00 til torsdag ettermiddag kl. 15:00.

I desse tidsromma må trafikantar berekne noko lengre reisetid og noko kø. Alternativt kan trafikantar benytte E39 Fløyfjellstunnelen.

Kontaktperson:

Bjørn Rusten Lundberg
Byggeleder Statens vegvesen
Mobil: +4797422488
E-post: bjorn.rusten.lundberg@vegvesen.no

Aktuelt for fylke: Vestland