Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Stavanger bystyre vedtok måndag reguleringsplanforslaget for sykkelstamvegen mellom Sørmarka og kommunegrensa.

I desember vedtok Sandnes kommune planane for strekninga mellom kommunegrensa og Smeaheia. Dermed er mesteparten av sykkelstamvegen vedtatt. Strekninga mellom Sørmarka og Smeaheia er ni kilometer.

- Dette er veldig kjekt! Nå ser eg fram til at vi snart kan bygge sykkelstamvegen, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Matthew Millington. Millington håpar på byggestart i 2016.

Delstrekningar

Sykkelstamvegen blir 13 kilometer lang, og går mellom Stavanger og Sandnes, via Forus. Planane for strekninga mellom Schancheholen og Sørmarka blir sendt til kommunen i mars. Strekninga lengst nord, fram til Madlaveien blir bygt som ein del av Ryfastprosjektet.

Den siste strekninga, frå Smeaheia til Oalsgata blir planlagt seinare.

Sjå kart over strekningane her.

Aktuelt for fylke: Rogaland