Plan for sykkelstamveg mellom Schancheholen og Sørmarka er vedtatt
Politikarane i Stavanger vedtok 9. mai reguleringsplanen for sykkelstamvegen mellom Schancheholen og Sørmarka.
På strekninga gjennom Sørmarka kjem ein 350 meter lang tunnel berre for syklistar.
- Vi trur at tunnelen bidrar til å gjere sykling meir attraktivt for dei som skal til og frå Forus eller Sandnes, seier Matthew Millington i Statens vegvesen.
Strekninga mellom Schancheholen og Sørmarka er 2,6 kilometer lang, og kjem til å koste cirka 300 millionar kroner å bygge.
Omsyn til alle
Millington seier det har vore utfordrande å finne gode løysingar for syklistane og samtidig ta vare på bustadområda langs strekninga.
- Slik planen er nå trur eg vi har løyst det på best mogleg måte for alle partar, seier han.
Sykkelstamvegen blir bygt i etappar. Etter planen startar arbeidet med å bygge første del av strekninga Sørmarka-Smeaheia etter påske i 2017.
Totalt blir sykkelstamvegen mellom Stavanger og Sandnes 13 kilometer lang.