Artikkelen er frå 2009, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen er ferdig med sitt forslag til planprogram for sykkelstamveg på Nord-Jæren. – Vi er godt på veg, seier prosjektansvarleg Lisa Garpe. – Nå startar arbeidet med kommunedelplanar og konsekvensutgreiing.

– Vi håpar at sykkelstamvegen skal bli så attraktiv at mange fleire kjem til å velja sykkel framfor bil på si reise til jobb.

Dei som har merknader til planprogrammet, må senda dei til Statens vegvesen, Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, innan 29. mai 2009.

– Etter at planen har vore på høyring, startar arbeidet med dei to kommunedelplanane, ein for Stavanger og ein for Sandnes fortel Garpe, som håpar at første spadestikk på sykkelstamvegen kan gjerast i 2012.

Informasjonsmøte

Statens vegvesen kjem til å informera om innhaldet i planprogrammet
og om det kommande kommunedelplanarbeidet på Stavanger trafikkstasjon på Forus den 28. april kl. 17.00.

Aktuelt for fylke: Rogaland