Alternativ diagonal for Transportkorridor vest i Randaberg
Har du innspel til alternativ trasé for diagonalen mot Finnestad?
Delar av Transportkorridor vest i Randaberg kommune er lagt ut på ny høyring. Planen for ein alternativ diagonal, «Diagonal Nord» var til behandling i kommuneplanutvalget den 6. september.
Utvalet vedtok der, i sak 32/18 å sende forslag om alternativ trasé i detaljregulering av Transportkorridor vest på høyring og legge han ut til offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova §§ 12-10.
- Forslaget blir kalt «Diagonal Nord». Vi har tatt utgangspunkt i nokre av innspela som kom i samband med høyring og offentleg ettersyn av planforslaget i oktober/november 2017, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Mæle.
Frist for å komme med innspel til det nye alternativet er 1. november 2018.
Innspela kan du sende elektronisk via lenka på denne sida til Randaberg kommune.
Open kontordag
Statens vegvesen inviterer til open kontordag om planen og det nye alternativet, torsdag 18. oktober klokka 14:00-18:00 i bibliotek-kjellaren på Landsbyhuset, Randabergveien 378.
Her kjem representantar frå Statens vegvesen til å vere til stades for å svare på spørsmål.
Alle dokument finn du nedst på denne sida her, hos Randaberg kommune.