Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

Fire entreprenørar ga 16. mai tilbod på bygging av firefelts veg i Sømmevågen og til flyplassen. Nå har Statens vegvesen avvist tre av tilbydarane fordi dei manglar naudsynt dokumentasjon i tilboda sine. Det blir difor arbeidsfellesskapet Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS som får kontrakten.

– Ein kan meine at dette er streng tolking av lovverket, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd-Magnar Nerland. Men sånn må det vere, legg han til.

Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS ga eit tilbod på i overkant av 341 millionar kroner på bygging av rv. 509 Sømmevågen og Flyplassvegen.

Forskjellen mellom høgaste og lågaste tilbod var i underkant av fem prosent. I kroner utgjer det nesten 17,5 million kroner.

I forskrift om offentlege anskaffingar står det slik:

«En leverandør kan for en særskilt kontrakt, der dette er hensiktsmessig, støtte seg på andre foretaks kapasitet, uavhengig av den juridiske karakteren av forbindelsen mellom dem. I så fall skal leverandøren dokumentere overfor oppdragsgiver at den vil ha rådighet over de nødvendige ressursene, for eksempel ved å fremlegge en forpliktelseserklæring om dette fra disse foretakene» ( § 17-8 (2) og 17-9 (2) )

Statens vegvesen har blitt strengare på kravet om såkalla forpliktelseserklæring frå entreprenøren i tilbodskonkurransar.

I kvar konkurranse må tilbydar vise og leggje ved dokumentasjon på at ein er kvalifisert for den aktuelle jobben. Når Staten vegvesen mottar eit tilbod der tilbydar syner til ein underleverandør for å bli kvalifisert, må etaten sjekke at denne har forplikta seg til å utføre arbeidet. Då må hovudentreprenør presentere ei forpliktelseserklæring eller liknande i tilbodet. I tre av dei fire tilboda manglar denne erklæringa.

– På tilbodskonferansen blei entreprenørane gjort merksame på at Statens vegvesen kom til å legge særleg vekt på regelverket angåande underentreprenørane, seier Nerland.

Avvisingane kjem ikkje til å påverke sluttdato for prosjektet som er sett til 15. mai 2017.

Alle dei fire entreprenørane som ga tilbod har fått melding om avgjerdsla måndag 2. juni.

Aktuelt for fylke: Rogaland