Held fram med anleggsarbeid etter gassuhell
Eit gassrøyr blei tysdag kveld øydelagt under Statens vegvesen sitt vegarbeid ved Sola skole. Uhellet påverkar ikkje framdrifta i prosjektet.
Tysdag kveld var entreprenøren i ferd med å sette opp støyskjerming langs Tanangervegen ved Salem bedehus då ein boremaskin laga hòl i Lyse sitt metangassrøyr.
- Vi er først av alt glade for at ingen blei alvorleg skada i uhellet. Så må vi finne ut kvifor uhellet har skjedd, seier fungerande prosjektleiar i Statens vegvesen, Anne Margrethe Skretting.
I natt har entreprenøren jobba med å grave opp og fikse røyret.
- Vi har avdekka ein feil i fundamentet til støyskjerminga, som også skulle ha beskytta gassrøyret. Årsaka til feilen veit vi ikkje. Det jobbar vi nå med å undersøke nærmare, seier Skretting.
Ho forsikrer at framdrifta i prosjektet ikkje vesentleg blir påverka av hendinga.
- Vi skal vere ferdige med firefeltsvegen i midten av oktober, seier ho.