Har ikkje brote regelverket
Statens vegvesen vil likevel skrive kontrakt med Kruse Smith og Bjelland for bygging av ny veg i Sømmevågen.
Klagenemda for offentlige anskaffelser (KOFA) har i dag gitt si endelege vurdering av klagene frå to av entreprenørane som ønskte å bygge i Sømmevågen.
– Det er gledeleg for oss, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland.
– KOFA konkluderer med at Statens vegvesen ikkje har brote regelverket ved å avvise dei tre tilbydarane. Nå vil vi skrive kontrakt med arbeidsfellesskapet Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS som var innstilt til jobben, seier han.
Då arbeidet ble lyst ut, og tilboda kom inn i mai, avviste Statens vegvesen tre av fire tilbod på grunn av manglande dokumentasjon.
KOFA snudde
Klagenemda anbefalte først Statens vegvesen å avvise alle tilbydarane i Sømmevågen-prosjektet, og lyse ut arbeidet på nytt. Etterpå ba nemda om meir tid, og i dag kom dei med si endelege vurdering.
– Vi håpar nå å skrive kontrakt med Kruse Smith og Bjelland allereie på tysdag, seier prosjektleiaren. Då blir det ikkje lenge til arbeidet er i gang i Sømmevågen.