I gang med sprenging på Utsola
Statens vegvesen starta måndag 8. desember sprengingsarbeid ved rundkøyringa på Utsola. Arbeidet er ein del av arbeidet med å utvide Flyplassvegen til fire felt.
‒ Det blir sprenging på dagtid dei neste vekene, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland.
Han fortel at sprengingsarbeidet er den verkelege starten på utbyggingsarbeidet. Fram til nå har arbeidsfelleskapet Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS jobba med å rydde vekk tre og klargjere områda der dei skal bygge veg.
Entreprenøren jobbar også med tre-rydding i området ved Sola Prestegårdveg og Sømmevågen.
‒ Om ikkje lenge må vi legge om gang- og sykkelvegar i dette området, seier Nerland. Det blir gjort slik at dei mjuke trafikantane skal sleppe å kome så nær anleggsarbeidet.
Informasjon til naboar
I desse dagar kjem ei brosjyre i posten til naboar og andre i Sola. I tillegg skal det vere informasjonsmøte om prosjektet 16. desember kl. 19.00, på Quality Airport Hotel.