Varsel om planarbeid rv. 509 Transportkorridor vest, Hafrsfjord bru
Statens vegvesen gir med dette melding om at det blir starta opp reguleringsplanarbeid for Transportkorridor vest Hafrsfjord bru i Stavanger kommune og Sola kommune. Kostnadene som ligger inne i gjeldande plan er så pass høge at det vil være naudsynt med store kostnadskutt.
Sidan brua ligg i Sola kommune og Stavanger kommune så blir endringa behandla som to reguleringsplanar.
- Plan 0614 Detaljregulering for Transportkorridor vest Hafrsfjord bru i Sola kommune.
- Plan 2718 Detaljregulering for Transportkorridor vest Hafrsfjord i Stavanger kommune.
I Stavanger kommune vurderast det å behandla endringane på Hafrsfjord bru som ei reguleringsendring av plan 2479 i samsvar med plan og byningsloven §12-14.
Eit av dei aktuelle tiltaka for å redusera kostnadene vil være å utforme ei enklare og rimelegare Hafrsfjord bru.
Detaljreguleringa er i tråd med gjeldande kommuneplan. Vurderinga er at tiltaket ikkje får vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn, og fell ikkje inn under § 6, § 7 eller § 8 i forskrifta for konsekvensutgreiing.
Grunneigarar som vil bli råka av planen, varslast gjennom eige brev.
Merknader og spørsmål
Eventuelle merknader til oppstart av reguleringsplanarbeidet kan sendast innan 16.12.2019 til:
- Staten vegvesen, Postboks 43, 6861 Leikanger, eller til
med kopi til:
- Sola kommune, postboks 99, 4097 Sola eller
- Stavanger kommune, postboks 8010 ,4068 Stavanger eller
Har du spørsmål kan du kontakta Geir Strømstad i Staten vegvesen, tlf. 48899798, eller e-post