Ferdige med E16-tunnelene ved Arna
Statens vegevesen er no ferdige med oppgradering av Arnanipa-, Bjørkhaug- og Sætretunnelane. No er det fri ferdsel i alle tre.
- Me vil takke trafikantar og naboar for stort tolmod medan tunnelane er blitt oppgraderte. Folk har måtte passe på stengetider, og det har vore høg trafikk på omkøyringsvegane i periodar. Prosjektet har vore langdrygt, med start tilbake i 2019, men no er me endeleg ferdige, seier byggeleiar Eirik Berentsen i Statens vegvesen.
Dei tre tunnelane har fått ny belysning og ventilasjon, samt moderne sikkerheitsutstyr. Det er lagt ned meir enn 10,2 mil elkraftkabel i tunnelene, samt over 20 mil med fiberkabel. Til sammen er det sprengt ut 5000 kubikkmeter stein frå dei tre tunnelane, og det er satt inn 1300 sikringsboltar.
I Arnanipatunnelen er det også montert radarsystem med automatisk detektering av uventa hendingar, og heilt nye fotoboksar som tek fartssyndarane.
Mykje arbeid med fjellet
I tillegg er det særs mykje skjult teknisk utstyr som ligg i tak, golv og veggar. I Bjørkhaugtunnelen var det behov for meir fjellsikring enn forventa, og det er utført vass- og frostsikring i heile tunnelen si lengde. I Arnanipa måtte dei gjere meir sprengningsarbeid enn dei hadde tenkt, og det vart meir utfordrande å få nok plass til alle kablar og dreneringssystem for vatn, noko som førte til meirarbeid.
- Entreprenøren fekk ½ års tidsforlenging på kontrakten, men andre forseinkingar kom i tillegg. Me fekk også corona-pandemien i store delar av anleggsperioden, samt at krigen i Europa som har påverka marknad og leveransesituasjon den siste delen av prosjektet. Totalt sett er me no i mål rundt to år etter opphaveleg plan, seier Berentsen.
Stettar dagens krav
Vegvesenet overtok dei ferdige tunnelane frå hovudentreprenør Risa AS i sommar, og fram til no har entreprenøren vore ute og retta feil frå mangelliste etter overtakinga. No er alt sjekka ut, og tunnelane blir sett i vanleg drift framover.
-Me gler oss over å overlevere tre moderniserte tunnelar til brukarane, som no stettar dagens tekniske standard og er lettare å ha oversikt på for vegtrafikksentralen, seier Berentsen.
Dette er gjort i tunnelane:
- 5 tekniske bygg
- 5000 m3 sprenging, strossing og pigging
- 1300 sikringsboltar
- 1300 m3 sprøytebetong
- 13000 m2 PE skum
- 300 m drens- og overvassleidning
- 87 kummar for overvatn, vatn og avløp
- 150 trekkekummar
- 40000 m2 med asfalt
- 4500 m føringskant av betong og betongrekkverk
- 550 m stålrekkverk
- 19000 m veimerking
- 5 hovudtavler
- 5 naudstraumstavler
- 34 naudstasjonsskap
- 78 automatikkskap
- 2 naudstasjonskiosk
- 2 telefonsentral
- 5 UPS
- 8 bommar
- 18 biletpunktskilt (RGB)
- 95 skilt
- 58 videokamera
- 967 led armatur
- 52 impulsventilatorer med ramme
- 4300 m kabelstige
- 102500 m elkraftkabel
- 11200 m signalkabel
- 21500 m fiberkabel
- 3400 m strålekabel
- 134000 m trekkerøyr
- 8600 m kabelgrøft
- 152 trekkekummar
- komplett jordingsanlegg