Varslar utviding av planområdet for oppgradering av Lærdalstunnelen
I samband med oppgradering av Lærdalstunnelen er det behov for å utbetre Voll bru, for å sikre oppstillingsplass for større køyretøy.
Statens vegvesen skal i samarbeid med Lærdal kommune utarbeide reguleringsplan for oppgradering av Lærdalstunnelen, og viser til utsendt brev, 24.03.2022. Det er no behov for å utvide planområdet i samband med utbetring av Voll bru. Gjennomføring av planlagd tiltak krev vedteken reguleringsplan.
Informasjon om utvidinga går ut til berørte grunneigarar, offentlege faginstansar og interessentar. Varselet blir også kungjort i Sogn avis.
Vi ber med dette om innspel til arbeidet.
Omtale av prosjektet
Statens vegvesen har allereie iverksett planlegging av stenging av Lærdalstunnelen for oppgradering, og har som kjent behov for å etablere eit område for oppstilling av køyretøy langs E16, ved Moldasida/Lundskleivi, når tunnelen er stengd.
Med bakgrunn i nødvendige sikringstiltak mot erosjon på Voll bru, er det behov for å utvide planområdet. Som kjent vart det utført hastetiltak i 2021, som det no er behov for å sikre permanent.
Sikringstiltaket vil medføre arbeid på og ved søylene og landkaret til brua. Det er også planlagt ei mindre utposning av elvekanten aust for brua. Dette vil vere eit godt bidrag til redusert erosjon ved bruas fundamentering.
Med tanke på å ta vare på dei biologiske interessene i elva på ein best mogleg måte, og dessutan lette arbeidet, er det behov for å etappevis tørrlegge søyler og landkar. Arbeidet medfører betongarbeid, og tørrlegging vil minimere faren for at betongstøv og sediment hamnar i elva.
Tiltaket i tilknyting til Voll bru planleggast gjennomført i perioden november-mars, fortrinnsvis 2023/24 eller seinast 2024/25. Statens vegvesen er avhengig av låg vassføring og vasstand for praktisk gjennomføring av tiltaket. Vegvesenet vil ta størst mågleg omsyn til at Lærdalselva er et nasjonalt laksevassdrag, og i det same tidsromet er det anteke at gyteperioden til villaksen er over.
Framdrift og frist for innspel
Innspel og merknader skal vere skriftlege, merkast sak 21/231714, og sendt innan 12. april 2023 per e-post til: eller per brev til: Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer.
Eventuelle spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar i Statens vegvesen, Jørn Aage Johansen, tlf. 22 07 30 00 eller e-post , eller Lærdal kommune sin sakshandsamar Monika Lysne, tlf. 576 41 200 eller e-post .
Aktuelt regelverk
Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.