Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen vel å stenga Lærdalstunnelen frå ca. 18.00–06.00 når arbeidet med å oppgradera tunnelen startar.

Vegvesenet har fått grønt lys frå Samferdselsdepartementet for planane om å oppgradera den lengste vegtunnelen i verda. Vegvesenet planlegg å starta anlegget i 2025, og arbeidet skal etter planen vera ferdig i løpet av fire til fem år.
Vegvesenet har køyrt ein grundig prosess i arbeidet med å utarbeida ein plan for korleis ein skal gjennomføra tunneloppgraderinga. Det er arrangert to folkemøte med godt besøk. Vegvesenet har hatt eigne møte med kommunane Lærdal og Aurland, og dessutan Sogn Regionråd. Det er òg gjennomført møte med Helse Førde, Politiet, Lærdal næringsskipnad, Aurland næringsråd, Statnett og Sognekraft. Vegvesenet har motteke 26 skriftlege innspel til utgreiinga om trafikkavvikling.

Får konsekvensar

– Det er ikkje mogleg å oppgradera tunnelen utan at det får konsekvensar for omverda. Me har kome fram til at det er betre med kvelds- og nattestenging enn å stenga tunnelen heilt, seier leiar for tunneloppgradering i vest i Statens vegvesen, Stig Berg-Thomassen.
Arbeidet med tunnelen blir delt i to. Med kvelds- og nattestenging vil det ta to til tre år å ferdigstilla sprengingsarbeida i tunnelen. Det er eitt til to år lenger enn om tunnelen vert stengd døgnet rundt. Når tunnelen er stengd er det ikkje mogleg å sleppa gjennom utrykkingskøyretøy.
– Fjellet i tunnelen vil vera krevjande for tunnelarbeidarane. Derfor kan me ikkje sleppa gjennom trafikk før me har sprengt og sikra fjellet, seier Berg-Thomassen.

– Må vera trygt

Etter at arbeidet med sprenging og sikring av tunnelen er ferdig, startar arbeidet med tekniske installasjonar i tunnelen. Dette arbeidet vil ta om lag tre år. Då planlegg Vegvesenet å sleppa gjennom trafikk to til tre gonger i løpet av kvelden og natta.
– Då vil det òg vera trygt å senda gjennom utrykkingskøyretøy, seier Berg-Thomassen.
Han beklagar ulempene arbeidet vil føra til for trafikantane. Han er særleg oppteken av at ein del barn og unge vil få redusert fritidstilbodet i åra tunnelarbeidet varer. Næringslivet vil òg få utfordringar.

Forsterka båttrafikk

Det er aktuelt å forsterka ferjetilbodet på strekninga rv. 13 Vangsnes-Hella, og å setja opp persontransport med båt mellom Lærdal og Aurland når det er behov for det.
– Dette gjer me for å bøta på ulempene, seier Berg-Thomassen.

Lærdalstunnelen Oppgradering av E16 Lærdalstunnelen. Vurdering av løysingar for trafikkavvikling.pdf

Innspel Lærdalstunnelen.pdf

 

 

 

 

 

Aktuelt for fylke: Vestland