—
Prosjektet Hardangerbrua omfattar bygging av ei 1380 m lang hengebru over Eidfjorden med tilførselsvegar, 2,4 km tunnel og om lag 1 km veg i dagen. Hardangerbrua skal erstatte ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Prosjektet er planlagd ferdig våren 2013.
—
Tilbodssynfaring for tilførselsvegar blei gjennomført 27. august med 18 deltakarar, og for bru blei tilbodssynfaringa gjennomført 3. september med om lag 50 entreprenørar.
—
Det var stor interesse for folkemøtet i Eidfjord måndag 7. april. Om lag 150 menneske samla seg på Quality Hotel og Resort Vøringsfoss i Eidfjord for å få siste nytt om rassikringsprosjektet Bu-Brimnes og Hardangerbrua.
—
7. april klokka 18:00-20:00 inviterer Statens vegvesen til folkemøte på Quality Hotell Vøringfoss i Eidfjord. Tema er Hardangerbrua og rassikringsprosjektet Bu-Brimnes.
—
Samferdselsdepartementet valde å avbryte tilbodskonkurransen på tilførselsvegane til Hardangerbrua og stille krav til ein ny og avgrensa kostnadsgjennomgang for heile prosjektet.
—
Som ein konsekvens av at Hardangerbrua er utsett vert også det planlagde ombyggingsarbeidet av rv. 7/13 Vallaviktunnelen utsett. Tunnelen vert difor ikkje stengd før tidlegast hausten 2008.
—
Til no har vi konsentrert oss om arbeida i Vallavika, på nord side av Eidfjorden. Her er kontorriggen reist - Hardangerbrua prosjektkontor - der vi også skal ta imot besøkjande når så langt kjem.