Bygging av Hardangerbrua - underskriving av kontraktar
Tysdag 27. januar 2009 skriv Statens vegvesen under kontraktane med entreprenørane for bygging av Hardangerbrua med tilførselsvegar.
Dette skjer på prosjektkontoret i Vallavika klokka 11.30.
Dei som skal bygge brua
Tilførselsvegar med tunnelar Bu og Vallavik: AF Skandinavia A/S
Betongarbeid: Veidekke entreprenører A/S
Stål- og montasjearbeid: MT Højgaard (Danmark)
Ettersom det vil kunne vere interessant for region- og lokalmedia å formidle det som skjer, samt "helse på" entreprenørane, inviterer vi dykk til Vallavika for å oververe kontraktunderskrivinga.
Entreprenørane vil fortelje litt om si verksemd, det vert enkel servering og høve til intervju/spørsmålsstilling.
Frå Statens vegvesen deltar Regionvegsjef Olav Ellevset forutan prosjektleiinga.
For å finne Prosjektkontoret: Køyr gjennom Vallaviktunnelen og følg skiltinga til høgre.