Klargjer til første storstøypen
Det er tid for den første og største støypejobben på brutårna til Hardangerbrua.
Det er det søre brufundamentet på Bu som blir den første store oppgåva for Statens vegvesen og betongentreprenør Veidekke. Her blir det ei samanhengande støyping i kring 36 timar.
Forskalingskassen har stått klar ein stund og den siste tida har fjellforankringa og armeringsstålet kome på plass i eit finmaska nettverk inne i kassen. Fundamentet ligg berre nokre meter over flomålet i fjorden, og første støypen blir 6 meter høg. Det rektangulære fundamentet blir på 150 kvadrat. Støypen utgjer 900 kubikkmeter, og blir i mengde den største av støypejobbane på tårna til Hardangerbrua.
Tårnarbeidet skjer med såkalla klatreforskaling. Tilsaman skal det utførast 51 slike klatresteg med kontinuerleg støyping over mange timar – før tårna er oppe i kring 200 meters høgde.
I volum blir tårnet på Bu på kring 7 000 kubikk, medan brutårnet på Vallavik blir på knappe 6 000 kubikkmeter.
På Vallavik pågår det arbeid med utsprenging av byggjegropa til tårnfundamentet. Når dette er ferdig vil Veidekke også her gå i gang med førebuingar til støyping av fundament og seinare bygging av brutårnet.
Om betongarbeidet går etter planen skal brutårna stå ferdige i februar 2011.