Artikkelen er frå 2013, og innhaldet kan vere utdatert.

Kostebilen har gjort jobben, alle hindringar er rydda vekk - og det er klart for asfaltlegging på Hardangerbrua. Samstundes er det stadfesta at kommunalminister Liv Signe Navarsete vil opna brua 17. august 2013.

Dei siste dagane har køyrebana i hovudspennet på Hardangerbrua blitt kosta og vaska. Samstundes er alle dei mellombelse installasjonane på brua blitt rydda vekk, slik at heile køyrebana er fri for hindringar når astfaltarbeidet tek til om få dagar. Då skal det leggast totalt 1.750 tonn med asfaltdekke i huvudspennet til Hardangerbrua. 

Mellomdekke

Før kostinga tok til var det utført overflatebehandling på dei resterande bitane av bruoverflata, og deretter lagt membran på dei same flekkane. Dette er altså mindre parti av køyrebana som måtte takast etter at all sveising var fullført.

Membran er mellomdekket mellom ståloverflata og asfaltlaget. Alle dei 23 køyrebane-seksjonane var pålagt membran på verkstaden i Shanghai i fjor. Men i løpet av våren har det blitt lagt maling og membran på alle skøytene mellom seksjonane, og på mindre flater der det har stått støtte-installasjonar under bruarbeidet på køyrebane siste halvåret.

Gjensyn med Navarsete

Det står framleis att mykje arbeid på Hardangerbrua. Men arbeidet er no i god gjenge og det er ikkje noko i dag som tyder på at det ikkje blir opning av brua laurdag 17. august. Då kjem altså Liv Signe Navarsete, som var samferdsleminister då saka var fremja for Stortinget hausten 2005. Ho har også vore på vitjing under byggjearbeidet og gått på catwalken på brua i 2011.

Aktuelt for fylke: Vestland