Artikkelen er frå 2007, og innhaldet kan vere utdatert.

Onsdag 28. februar starta det fysiske arbeidet med Hardangerbrua, - på dagen eitt år etter at Stortinget godkjende prosjektet. Anleggsstarten vart markert i Vallavik, og fleire av brufrkjemparane var møtt fram, i strålande humør.

Endeleg er arbeidet i gang, og utbyggingssjef Kjartan Johan Hove i Statens vegvesen Region vest overleverte eit illustrasjonsbilde med Vegvesenet sin visjon og verdiar som  entreprenøren kan henge på veggen på anleggskontoret.

Det er entreprenørfirmaet Opedal & Sønner som startar opp med første delentreprise som omfattar tilrettelegging av riggområde for hovudentreprisane, for tilførselsvegane og for bruentreprisen. Vidare omfattar denne entreprisen bygging av ny gang- og sykkelveg fram mot tunnelen og tilkomstveg til spreiekammer for kabelforankringane.

440pixler260207Nyhet2anleggsstart
Eivind Opedal i Opedal og Sønner har fått den ærefulle, første entreprisen. Her saman med prosjektleiar Øivind Søvik.
Aktuelt for fylke: Vestland