Ras påverkar tunnelarbeid
Ras og stenging av E16 i Nærøydalen fører til at den planlagde nattestenginga av rv. 7 og 13 Vallaviktunnelen blir utsett ei veke.
Etter planen skulle Vallaviktunnelen stengast fire netter i veke 37 for å få gjort førebuande anleggsarbeid i tunnelen. Ettersom det er ekstra stor trafikk gjennom Vallaviktunnelen og på ferjesambandet Bruravik-Brimnes i Hardanger så lenge E16 er stengt i Aurland, er Statens vegvesen nøydd å vente med nattestenginga i tunnelen til veke 38.
Dermed er det fri ferdsel gjennom den 7,5 km lange Vallaviktunnelen mellom Granvin og Vallavik heile veke 37.
Stengeplanen er den same. Det vil seie at det er stengt mellom kl. 22.00 og 06.00 i fire netter, frå mandag kveld 14. september til fredag morgon 18. september. Kolonnekøyring blir gjennomført frå Granvinsida kl. 23.25, 01.05 og 05.00, med kolonne frå Vallavik kl. 23.30, 01.10 og 05.05.
Omkøyring når tunnelen er stengt er på rv. 572 Bruravik-Holven.