Tilbodsopning Hardangerbrua
5. november er fristen for innlevering av tilbod på bygging av Hardangerbrua.
Tilbodsopninga skal skje 5. november klokka 13.00 (veg) og 14.00 (bru) i fylkesbygget i Leikanger.
Det vil ikkje verta høve for pressa å overværa sjølve opninga, men så snart som mogleg etterpå vil Statens vegvesen sende ut ei pressemelding der namnet på tilbydarar (entreprenørfirma) og tilbodssumar vert offentleggjort.
Prosjektleiar Øivind Søvik vil vera tilgjengeleg for spørsmål og kommentarar etter at pressemeldinga er sendt ut. Det er vanskeleg å seie tidspunkt for dette da vi ikkje veit kor mange tilbod som kjem inn.
Aktuelt for fylke:
Vestland