Rv. 41 Treungen–Vrådal
Rv. 41 er ein del av transportkorridoren mellom Telemark og Sørlandet, og vegen er viktig for turisme og næringsliv i fylket.
Prosjektet er delt i seks parseller:
- Parsell 1 Treungen–Stråndrak (ca. 5,4 km). Ferdig bygd.
- Parsell 2 Stråndrak–Nes (ca. 5,2 km). Ferdig bygd.
- Parsell 3 Nes–Kyrkjebygda (ca. 6,8 km). Opna juni 2024.
- Parsell 4 Kyrkjebygda–Kilen (ca. 7 km). Ferdig bygd.
- Parsell 5 Kilen–Steane (ca. 7 km). Det går no føre seg utbetringsarbeid på delar av strekinga, og for strekninga mellom kommunegrensa til Nissedal og Tanganbekken er det sett i gang reguleringsplanarbeid for utbetring. Planen er venta godkjent i løpet av sommaren 2024.
- Parsell 6 Steane–Vrådal (ca. 6 km). Arbeid med detaljreguleringsplan er sett i gong. Detaljreguleringsplanen forventas godkjent våren 2025.
Dagens rv. 41 har mange svingar og generelt smal vegbreidd som reduserer framkomst for alle trafikantar. Dagens årsdøgnstrafikk (ÅDT) er 650 og blir auka forventa til 800 etter 20 år. Frå Steane til Vrådal er trafikken noko høgare, ÅDT er i dag omlag 1000 og blir forventa å auke til 1200 etter 20 år.
Vegen ligg i eit kupert og utfordrande terreng der dagens veg i stor grad følgjer Nisser med vatnet på den eine sida og bratt fjell på den andre sida. Landskapet gjer det derfor naturleg å leggje den nye vegen i stor grad i dagens trasé, men samtidig vurdere alternative linjer.
- Veg:
- Rv. 41
- Fase:
- Byggefase
- Kommunar:
- Nissedal
- Fylke:
- Telemark
- Lengde:
- 39 km
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2018-2029
Kontaktar
Sist oppdatert: