Rv. 41 Steane-Vrådal: Open kontordag
Arbeidet med detaljreguleringsplan for rv. 41 Steane – Vrådal går føre seg, og Statens vegvesen inviterer til open kontordag.
Statens vegvesen skal ha open kontordag om det pågåande reguleringsplanarbeidet for utbetring av rv. 41 på strekninga Steane–Vrådal på Vrådal klubbhus fredag 28. april kl. 10.00–14.00.
Lurer du på noko om planarbeidet så møt opp! Du treng ikkje bestille tid.
Har du til dømes avkøyring som du veit blir påverka, ta turen innom så kan me diskutera løysingar.
Spørsmål om planarbeidet kan elles rettast til planleggingsleiar
Aktuelt for fylke:
Vestfold og Telemark