Oppstartsvarsel for detaljregulering av rv. 15 Bjørhovde bru
Formålet med planen er å regulere areal for ny Bjørhovde bru og breiddeutviding av rv. 15 slik at det kan etablerast gul midtstripe på den strekninga som manglar.
Det skal planleggast gang-og sykkelveg langs rv.15. Det skal også planleggast ei trafikksikker løysing for mjuke trafikanter som skal krysse rv. 15 i området mellom Hjalmavegen og Skulehusbakken. Plassering av kryss skal vurderast.
I samband med bygging av ny bru må det etablerast ei midlertidig bru i anleggsperioden. Det er også aktuelt å regulere midlertidig riggområde i området ved idrettsbana.
Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing.
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til: Gun-Mari Ødegård tlf. 97 73 88 44 eller e-post:
Eventuelle merknader skal innan 15.04.2021 sendast skriftleg til: Statens vegvesen, postboks 1010 nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER eller på e-post til: firmapost@vegvesen.no