Arbeidet med reguleringsplan med konsekvensutgreiing for sjølve tunnelen med tilhøyrande veg i dagen, samt mellombelse massedeponi, vil starte for fullt våren 2025. Det vil også blir starta opp arbeid med kommunedelplanar for permanente massedeponi i Stryn kommune og i Skjåk kommune. Det vil samtidig også bli sett på om noko av tunnelsteinen kan nyttast til utbetring av rv. 15 på begge sider av tunnelen.

Ein skal vurdere fleire alternativ for påhogg nede på Skora og oppe i Breidalen. I Geiranger vil det ikkje bli utgreidd alternative påhogg.

Planlegging av ny Strynefjellstunnel (Pdf)

Tysdag 11. februar blir det informasjons- og oppstartsmøte med kommunane i Loen. Dette er ein restart av planlegginga som byrja i 2022.

Sist oppdatert: