Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen fortset drifta på utbyggingsprosjektet rv. 36 Bø–Seljord etter at Seljord kommune har gjeve Statens vegvesen fritak til å fortsetje arbeidet med avgjerda «oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar» inntil vidare.

Me har eit tett samarbeid med entreprenør Hovden Hytteservice AS i samband med rutinar for førebyggjande tiltak for å hindre smittespreiing av koronavirus.

Me meiner det er viktig å fullføre arbeidet med permanent sikring av fjellskjeringar på Stodi-parsellen fram til påske for å sikre området.

Rv. 36 på strekninga vil framleis haldast stengt og omkøyringa via Garvikstrondi vert oppretthaldt. Etter planen skal vegen opnast for trafikk 1. mai. Slik situasjonen er no kan det kome endringar i denne tidsplanen.

Statens vegvesen, som byggherre, har ansvaret for at utførande entreprenør følgjer vedtak om rutinar for smittespreiing. Vegvesenet følgjer til ein kvar tid helsestyresmakta sine råd med omsyn til tiltak for å hindre smitte.

Kontaktpersoner:

  • Prosjektleiar Tom Hedalen, tlf. 909 59 433
  • Byggeleiar Trond Øygarden, tlf. 975 65 452
Fjellskjeringer på Stodi-parsellen. Foto: Statens vegvesen
Fjellskjeringar på Stodi-parsellen. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark