Seljord: Rv 36 opnar før – billegare, lengre og tryggare
Når utbetringsstrekninga på rv. 36 Bø-Seljord opnar 7. mai-21 blir prosjektet billegare og utbetringa gjennomført på ei lengre strekke enn planlagt
I tillegg foreslås det og at bilistane skal sleppe unna med lågare bomtakstar. Lette køyretøy skal betale 22 kroner pr. passering i staden for 32, mens tunge køyretøy skal betale 66 kroner i staden for 96 kroner om Vestfold og Telemark fylkeskommune er einige i det.
Under stenginga i vinter har ein og utbetra 700 meter ekstra av vegen mellom Bukti og Stodi, slik at det i starten av mai vert opna heile 3,7 kilometer utbetra rv. 36 mellem Bø og Seljord.
30 prosent under budsjett
Sidan 2019 har den trafikkfarlege vegen blitt utbetra med utretting av svingar, betring av sikt og ein kraftig standardheving av vegen. Først på strekninga ved Stodi, no seinest på strekninga ved Bukti.
Hovden Hytteservice AS har og gjort jobben både raskare og billegare enn forutsett. Vegen opnar om lag eit år tidlegare enn opphaveleg planlagt og til ei kostnad om lag 30 prosent under budsjett.
Mykje fjell
Denne vinteren er det sprengt ut heile 110.000 kubikkmeter fjell. No pågår fjellsikring og asfaltering. Fram mot opning i mai blir vegen merka og får montert rekkverk
Prosjektleiar for utbetringa av rv. 36 Bø-Seljord er Tom Hedalen i Statens vegvesen og byggjeleiar er Mariusz Wozniak.