Oppstart av reguleringsplanarbeid for rv. 41 ny Tveitsund bru
Statens vegvesen skal utarbeide detaljreguleringsplan for rv. 41 på strekninga Lauvdalen og Tveitsund i Nissedal kommune.
Målet med planarbeidet er å legge til rette for ny bru over Storåna og gode planløysingar på begge sider av vassdraget og inn mot sentrum i Tveitsund.
Dagens Tveitsund bru langs rv. 41 er smal og har kun ett kjørefelt. Det er behov for en ny og tryggere løsning for å krysse elva Storåna. Ei ny bru får vegbreidde på ni meter.
Last ned
Planprosess, framdrift og frist for innspel/merknader
Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 6. november 2024 anten på brev til:
Statens vegvesen
postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer
eller på e-post til: firmapost@vegvesen.no
Merk brevet eller e-posten med saksnr. 24/164674.
Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta. Statens vegvesen vil utarbeide eit planforslag fram mot våren 2025. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming.
Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av hausten 2025.
Ta gjerne kontakt
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Torbjørn Holte, mobil 95219623, e-post: torbjørn.holte@vegvesen.no