Hemsedal: Tre finalistar i kamp om ny Skjøiten bru
Av sju firma som meldte interesse for å byggje ny Skjøiten bru er no tre finalistar klare
Peab Anlegg AS
Hæhre Entreprenør AS
Røynstrand Entreprenør AS
- Dei tre best kvalifiserte er no invitert til å gi oss pris, fortel prosjektleiar Knut Erik Skogen i Statens vegvesen.
Oppdraget som ligg på rv 52 vest for Tuv består både av ei ny bru over Mørkedøla og utbetring av tilstøytande veg. Skjøiten bru er i dårleg forfatning og treng utskifting. Samtidig bidreg prosjektet til auka trafikktryggleik, framkome og vinterregularitet på austsida av Hemsedalsfjellet
Ny Skjøiten bru blir om lag 90 meter lang og skal byggjast vel 50 meter nedstraums dagens bru. Dagens bru frå 1937 er ein flaskehals på rv. 52.
Fristen for å gj endeleg tilbod er 23. mars, men før det skal det forhandlast med tilbodarane. Statens vegvesen planlegg byggestart etter påske 2021 med forventa opning sommaren 2022.