Statens vegvesen skal i samarbeid med Hemsedal kommune lage detaljreguleringsplan for gong og sykkelveg langs riksveg 52 mellom Holde bru og Tuv.

Statens vegvesen skal i samarbeid med Hemsedal kommune lage detaljreguleringsplan for gong og sykkelveg langs riksveg 52 mellom Holde bru og
Tuv. Vi ønskjer innspel til dette arbeidet innen 9. august 2024. 

Formålet med reguleringsplanarbeidet er å betre trafikksikkerheita og framkome for mjuke trafikantar. Vi ønskjer innspel til dette arbeidet. 

Bilete viser riksveg 52 retning vestover hvor det planlegges ny gang- og sykkelveg mellom Holde bru og Tuv. Biletet er tatt før krysset ved brua på Tuv.
På høgre side av vegen retning vestover planlegges ny gang- og sykkelveg mellom Holde bru og Tuv. Her ved krysset før brua på Tuv. Foto: Statens vegvesen

 

Illustrasjon som viser planområde i et kart hvor det relevante området er markert med oransje.
Planområde i kartet er markert med oransje. Illustrasjon: Statens vegvesen

 

Undervegs i planarbeidet vil det bli utført oppmålingsarbeidar, grunnundersøkingar
og undersøkingar etter kulturminne. Varslinga blir gjord i samsvar med plan- og bygningslova § 12, Løyve om oreigning av fast eigedom, oreigningslova og Matrikkellova av 17. juni 2005 § 41.

Dokumenter i saken 

Her kan du laste ned plandokument:

Innspel må sendast skriftleg innan 9. august 2024 til:
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
eller firmapost@vegvesen.no

Merk innspel med «22/138678 Riksveg 52 Holde-Tuv».

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:

 

Prosjektleiar Knut Erik Skogen.
Telefon 32 21 43 24 eller e-post:

Planleggingsleiar Simen Haga.
Telefon 32 21 45 05 eller e-post:

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.

 

Aktuelt for fylke: Buskerud, Hemsedal