Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen har hatt overtagelsesforretning med Anlegg Øst Entreprenør AS på dei tre utbetringsprosjekta på rv. 52.

ferdiginspeksjon på kolonneplass
Den nye kolonneplassen på Bjøberg inspiserast. (Foto: Bjørn Kåre Ifarnes)

Det skjedde i oktober vel tre veker etter opninga av gang- og sykkelvegen mellom Trøim og Holde bru i slutten av september.

-Ein overtagelsesforretning er ein fysisk gjennomgang og synfaring av dei tre utbetringsprosjekta entreprenøren har utført for byggherren Statens vegvesen, fortel byggjeleiar Bjørn Kåre Ifarnes. Han og prosjektleiar Knut Erik Skogen er tilfreds med anlegga på Trøim, Bjøberg og mot Vestland grense.

nyopna gfangveg i Hemsedal langs rv. 52
Parti frå gangvegen mellom Trøim og Holde bru. (Foto: Jan Ole Liljedal)

Viktig belysning

I tillegg til gang-/sykkelvegen har entreprenøren utvida og oppgradert kolonneplassen på Bjøberg inkludert belysning, medan det på høgfjellet er bygd fire kilometer fresegate langs riksvegen mot Vestland grense for å betra forholda for snørydding og vinterregularitet. Fresegata har også fått belysning tilsvarande ho på vestsida av fylkesgrensa.

trio på vegbefaring etter opning
F.v. byggeleiar Bjørn Kåre Ifarnes i Statens vegvesen, driftsleiar Jone Baukhol og prosjektleiar Jan Erik Kvarberg i Anlegg Øst Entreprenør AS på vegbefaring etter opning. (Foto: Jan Ole Liljedal)

-Anlegget er levert i god stand og utført etter planen både til avtalt tid og pris, fortel prosjektleiar Knut Erik Skogen.

fresegate på høgfjellet
Ny fresegate mot Vestland grense klar for vinteren. (Foto: Jan Ole Liljedal)
Aktuelt for fylke: Viken