Rv. 5 Erdal–Naustdal
Kommunedelplan for rv. 5 Erdal – Naustdal viser trasé for framtidig riksveg mellom Erdal og Naustdal i Sunnfjord kommune.
Sunnfjord kommunestyre vedtok kommunedelplan for rv. 5 Erdal – Naustdal 26. oktober 2023. Vedteke alternativ "E1 – N12" går med 6,7 km tunnel frå Smedneset ved Erdal til Jarane i Naustdal.
Strekninga er svært skredutsett og kommunedelplanen viser framtidig vegløysing som gir ein skredsikker, effektiv og trygg veg. Rv. 5 vert om lag 1,3 km kortare enn i dag.
Kommunedelplan riksveg 5 Erdal–Naustdal er eit planprosjekt som skal avklare trasé og standard for framtidig riksveg på strekninga. Hovudføremålet med prosjektet er skredsikring. Prosjektet er inne i Nasjonal Transportplan, og Vegvesenet siktar mot byggestart i 2026.
- Veg:
- Rv. 5
- Fase:
- Planfase
- Kommunar:
- Sunnfjord
- Fylke:
- Vestland
- Finansiering:
- Stat
Kontaktar
Sist oppdatert: