Kommunedelplan ute på høyring
Forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 5 Erdal–Naustdal er no ute på høyring, med merknadsfrist 16. september.
Formannskapet i Sunnfjord kommune vedtok 23. juni å legge kommunedelplanen ut til offentleg ettersyn, og ved det er oppstart på strekninga eit steg nærmare.
- Statens vegvesen tilrår alternativet E1 til N12, frå Jarane i Naustdal til Smedneset i Erdal som den beste løysinga for ny tunnel på strekninga. Det vil sikre vegen mot skred, kortar avstanden mellom Førde og Florø, gir betre trafikktryggleik og god tilknyting til eksisterande rv. 5 i begge endar, seier planprosjektleiar Magna F. Vangsnes i Statens vegvesen.
Tre alternativ
Tre alternativ til ny veglinje ligg inne i planane som no er på høyring. Alternativet som Vegvesenet tilrår kan byggjast innafor økonomisk ramme og har minst usikkerheit. Det gir mest att for investeringa, ved at ein får bygd ut heile strekninga mellom Smedneset og Naustdalstunnelen, og ein får utløyst positive gevinstar for m.a. trafikktryggleik, samfunnstryggleik og miljø i Naustdal. Tunnelen vil korte inn riksvegen med ca. 1,3 km, og løysinga vil gje mindre trafikk og eit rolegare bumiljø i Naustdal sentrum.
Diverre vil badestranda i Erdal forsvinne med alle alternativ, då ny tunnel og tilkopling til lokalveg kjem like bak. Difor føreslår vegvesenet å legge til rette for ny badeplass på vestsida av dagens parkeringsplass.
På Naustdals-sida kjem alternativ N12 ut ved garden Jarane, der det blir kryss og kollektivpunkt. Ny rv. 5 går så på ein bru over Nausta og svingar inn i Naustdalsstunnelen via ein ny innkøyring frå sør-aust.
Alternativa via Naustdalsneset N4 og N5 blir frårådde av Statens vegvesen. Alternativa gir lengre veg mellom Førde og Florø, og er dårlegare for trafikktryggleik, miljø og framkomst. Alternativa har og høgare kostnad enn alternativ E1 – N12 og kostnadsramma i prosjektet. Det inneber at det er usikkert om dei delane av prosjektet som ligg i Naustdal vert bygd.
Last ned plandokument:
Last ned kart og illustrasjonar
Last ned fagrapportar
Fristar og innsending av merknader
Frist for merknader er 16. september 2022. Du kan gje innspel på ein av desse måtane:
- Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER,
- Via kart på digital innbyggardialog (geodataonline)
Merk innspel med "rv. 5 Erdal–Naustdal"
Open kontordag og informasjonsmøte
Tysdag 23.august blir det halde
- open kontordag kl. 15–17 på Naustdal skule
- informasjonsmøte kl. 18–20 på Naustdal skule
Siktar mot byggestart i 2026
Vegprosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan 2022-2033, med oppstart i første periode. Statens vegvesen håpar å få vedtatt kommunedelplanen ved årsskiftet 22/23. Så følgjer 1-2 år arbeid med reguleringsplan for strekninga. Vidare skal store statlege investeringar som dette gjennom ekstern kvalitetsikring som tek ca. 1 år. Tilslutt ein kan gjere klar og lyse ut kontrakt på arbeidet. Målet er byggestart i slutten av 2026, og prosjektet vil ha rundt 5 års byggetid. Oppstart er avhengig av at det vert gitt løyvingar over statsbudsjettet.
Kontakt
Dersom de har spørsmål om planarbeidet eller ynskjer å få tilsendt dokument, kan de kontakte
- Statens vegvesen ved Magna Vangsnes, tlf. 57 65 58 53 / 95 19 19 63
- Sunnfjord kommune ved Harald Eikenes, tlf. 57 81 61 25