Artikkelen er frå 2009, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen planlegg saman med Jølster kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, vegopning på rv. 5 i Kjøsnesfjorden måndag 2. november. H.M. Kong Harald skal opne vegen. Programmet for dagen byrjar å ta form og kulturinnslaga vil ha lokal forankring

Samarbeid

Statens vegvesen har brukt vel to år på å utføre rassikringsprosjektet i Kjøsnesfjorden. Anlegget starta opp 17. august i 2007. No nærmar det seg opning og programmet for opningsdagen byrjar å ta form. Planlegginga skjer i tett samarbeid med Jølster kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Den lokale rassikringsgruppa har saman med kommunen vore sterk pådrivar for å få realisert rassikringsprosjektet. Det vil òg vere med å prege markeringa.

Ferdig i tide

- Det er fortsatt ein del som står igjen før vi er ferdige, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen. No vert det arbeidd med det elektriske anlegget og så skal sikringsutstyret testast. I tillegg skal det arrangerast ei brannøving i tunnelen og Vegdirektoratet skal gjennomføre ei sikringsgodkjenning før trafikken kan setjast på. 

– Det ser ut til at vi er i god rute for vegopning den 2. november, avsluttar Haugen.

Planlegging av vegopning
Planlegging av vegopninga 2. november, her er det synfaring.
Aktuelt for fylke: Vestland