Artikkelen er frå 2018, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen legg i samarbeid med Jølster kommune eit forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn i perioden 01.03.2018 til 20.04.2018.

Planen er tilgjengeleg

  • som vedlegg til denne sida, sjå under "Last ned",
  • jolster.kommune.no og
  • på kommunehuset på Skei.

Formålet med planen er å skaffe areal for deponering av overskotsmassar frå bygging av rv. 5 Kjøsnestunnelen.

Rv. 5 Kjøsnesfjorden planområdet deponi Klakegg
Rv. 5 Kjøsnesfjorden

Merknader

Vi ber om å få tilsendt eventuelle merknader til reguleringsplanen skriftleg innan 20.04.2018 til:

  • Statens vegvesen Region vest, postboks 43, 6861 Leikanger, eller
  • på e-post


Eventuelle spørsmål kan rettast til Bente Øyre på telefon 57 65 57 54 eller e-post .

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

Aktuelt for fylke: Vestland