Rv. 7 Måbødalen, breiddeutviding og kurveutretting
Føremålet med prosjektet er å forbetre vegstrekninga med økt bredde og slakare kurver slik at både framkomst og trafikktryggleik blir betre.
Prosjektet er i planfase, det skal utarbeidast detaljreguleringsplan.
Riksveg 7 over Hardangervidda har stort sett ein standard med bredde på køyrebanen som tillèt køyring i to felt med gul midtstripe. Prosjektområdet omfattar ei strekning på 2,3 km i Måbødalen med smal veg, krappe kurver og til dels dårleg sikt. På om lag 1,3 km av strekninga er det ikkje god nok bredde til gul midtstripe.
Den utbetra vegen vil stort sett følgje dagens trasé og utvidinga vil truleg skje både på oppsida og nedsida av vegen. Terrenget vil få endringar med skråningsutslag og støttemurar. Viktige tema i planarbeidet vil vere omsyn til vassdrag, kulturminne og landskap, skredfare og geotekniske utfordringar i bratt terreng. Vegstrekninga er ein del av nasjonal turistveg Hardangervidda.
- Veg:
- Rv. 7
- Fase:
- Planfase
- Kommunar:
- Eidfjord
- Fylke:
- Vestland
- Lengde:
- 1300 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
- Oppstart:
- Sommaren 2026
- Antatt opna:
- Sommaren 2028
Kontaktar
Gunn Cecilie Omre
- E-post: