Varsel om oppstart av planarbeid rv. 7 Måbødalen
Statens vegvesen skal i samarbeid med Eidfjord kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for rv. 7 ved Finnasteinsflåten i Måbødalen.
Vi ber om innspel til arbeidet og inviterer til ope informasjonsmøte torsdag 13. juni kl 18:00 på Norsk natursenter i Øvre Eidfjord.
Beskriving av prosjektet
Planområdet omfattar ei strekning på 2,3 km i Måbødalen med smal veg, krappe kurver og til dels dårleg sikt. På om lag 1,3 km av strekninga er det ikkje god nok bredde til gul midtstripe.
Føremålet med planen er å betre vegstrekninga med økt bredde og slakare kurver slik at både framkomst og trafikktryggleik blir betre.
I samband med reguleringsplanarbeidet skal det gjennomførast ei konsekvensutgreiing (KU) for å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte.
Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 2. juli
Send det skriftleg til: Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Eller på -post til:
Merk brevet eller e-posten med saksnummer: 23/234424.
Har du spørsmål om planarbeidet kan du kontakte planleggingsleiar Annbjørg Svendal på telefon: 41 25 49 93 eller e-post: .
Du kan finne meir informasjon om planarbeidet på www.vegvesen.no/vegprosjekter/riksveg/rv7mabodalen/ og www.eidfjord.kommune.no/
Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.