Plangrensa utvidast i sør med ca. 300 meter. Bakgrunn for dette er tilrettelegging for mjukt sideterreng og vurdering av rassikring ved «Staven».

Statens vegvesen varslar i medhald av Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 om utviding av plangrensa for pågåande arbeider med detaljreguleringsplanen for rv. 9 ved Frøysnes, Bygland kommune. Utvidinga er vist med raud linje i kartskisse (sjå vedlegg).

Plangrensa utvidast i sør med ca. 300 meter. Bakgrunn for utviding av plangrense er tilrettelegging for mjukt sideterreng og vurdering av rassikring ved «Staven». Det er eit lite overlapp med  reguleringsplanen for rv. 9 Skomedal (plan id – 4220_201202) for å tilpasse horisontalgeometri. 

Kunngjeringsdokument

Frist for merknader

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 5. juli 2024 anten på brev eller e-post til:

  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk innspel med «Rv. 9 Frøysnes, reguleringsplan, tilleggskunngjering».

Kunngjeringsdokumenta (brev og kart mv.) kan òg sjåast på nettsidene til Bygland kommune.

Spørsmål?

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Jon Olav Upsal på telefon 924 42 753 eller e-post

Aktuelt for fylke: Agder