Første stenging er måndag 27. januar. Deretter blir rv. 9 stengde ved Neset to gonger om dagen måndag til torsdag frå 3. februar og i fire veker framover.

Måndag 27. januar blir riksveg 9 stengde ved Neset frå kl. 13.00 til kl. 13.45.

Frå måndag 3. februar blir vegen stengd to gonger per dag frå måndag til torsdag. Dette gjeld i tidsromma kl. 13.00-13.45 og kl. 22.30-23.15. Desse stengingane vil vara i fire veker.

Auka trafikktryggleiken

Statens vegvesen er i gang med å utbetra rv. 9 ved Neset i Bygland kommune. Her skal ei strekning på 1,4 km bli breiare og svingane og sideterreng skal utbetrast.

– Målet er ein trygg og effektiv riksveg i Setesdal med auka trafikktryggleik og god trafikkavvikling. Dette arbeidet er ein del av eit prosjekt der me skal utbetra punkt og strekningar på utvalde stader, forklarer Torgeir Hodne, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Trafikkdirigentane viser veg

Medan rv. 9 er stengde, blir det omkøyring langs fv. 3778 på vestsida av Byglandsfjorden for lette køyretøy og utrykkingskøyretøy.

– Når me stengjer vegen, vil det stå trafikkdirigentar ved rundkøyringa på Byglandsfjord og ved Storestraumen, nord i Bygland, fortel Hodne.

Han oppmodar alle til å følgja informasjon frå trafikkdirigentar og skiltinga.

Omkøyringsvegen er ikkje eigna for tunge køyretøy så desse må venta på kvar side av anleggsområdet til vegen blir opna for trafikk igjen.

Aktuelt for fylke: Agder