Bergen og Øygarden: Lyser ut støykontrakt på nær 250 millionar
I samband med ny rv. 555 Sotrasambandet lyser Statens vegvesen ut kontrakt på lokale støytiltak på bustader i Bergen kommune og Øygarden kommune. Kontrakten er utforma som ein fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging.
Det skal gjerast støytiltak på i underkant av 300 bustader på strekninga frå Loddefjord i Bergen vest til Kolltveit i Øygarden. Bustadene som har fått innvilga støytiltak ligg langs traseen til ny riksveg 555. Arbeidet skal etter planen starte sommaren 2021.
Arbeidet med støytiltak vert starta opp før signering av OPS-kontrakten for nytt Sotrasamband. Det er mange bustader som skal ha støytiltak og arbeidet vil difor òg gå parallelt med gjennomføringa av OPS-kontrakten, som etter planen har oppstart hausten 2021.
Prekvalifisering
Gjennom prekvalifisering vert kontrakten tildelt inntil tre entreprenørar. Deretter vil entreprenørane konkurrere på oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtala.
Byggeleiar i Statens vegvesen Birger Ræmisch Matthiessen satsar på kontraktsignering til våren.
- Planen vår er å tildele kontrakten i løpet av april 2021, og dei første arbeida kan setje i gang i løpet av neste sommar. Kontraktsmodellen som er vald gjer arbeidet føreseieleg for Statens vegvesen i gjennomføringa. Samstundes er vi sikra konkurranse på kvalitet og pris gjennom avrop på rammeavtalen.
I rute
Det er førebuande arbeid langs Bildøyvegen og Arefjordsvegen. I tillegg er trekking av nye høgspentkablar i tunellane mellom Godvik via Sotrabrua til Litlesotra godt i gang. Når høgspentlinja er lagd om, startar rivinga av den gamle høgspenttraseen, slik at alt er klart til byggestart for OPS-kontrakten hausten 2021.
KONTAKTPERSON:
Birger Ræmisch Matthiessen
Byggeleiar i Statens vegvesen
Mobil: 468 69 971
E-post:
Les meir om rv. 555 Sotrasambandet på https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/sotrabergen