Desse selskapa står bak dei fire grupperingane som konkurrerer om rv. 555 Sotrasambandet
Ved tilbodsopning 28. februar annonserte Statens vegvesen at det var fire grupperingar som hadde meldt si interesse. Kvar av dei fire leverandørgrupperingane består av tre eller fire selskap som har inngått fellesskapsføretaksavtalar for å finansiere, bygge og drifte OPS-kontrakten på Sotrasambandet.
– Dei fire grupperingane består alle av selskap med lang erfaring frå finansiering, bygging og drift av prosjekt rundt om i verden, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Arve Tjønn Rinde.
Grupperingane består av følgande selskap som har inngått fellesføretak (såkalla «joint venture») for å finansiere, bygge og drifte OPS-kontrakten på Sotrasambandet:
- VINCI Concessions, VINCI Highways, ACCIONA Concesiones og IMPLENIA Switzerland
- ITINERA, ASTM og IHI Corporations
- FCC Construcción, Salini Impregilo, SK Engineering & Construction og Macquarie Corporate Holdings Pty Limited
- China Communications Construction Company, Sichuan Road and Bridge Corporation og Gülermak Ağır Sanayi İnşaat ve Taahhüt
Avgjer selskapa som går vidare i april
Etter planen vil dei tre selskapa som går vidare til dialog og forhandlingar verte offentleggjort i april.– Det er sett av mykje tid til gjennomføring av dialogfasen. Det er viktig for å sikre at leverandørane har ei best mogleg forståing av arbeidsomfanget i prosjektet og kriteria Vegvesenet legg til grunn, seier divisjonsdirektør for Statens vegvesen Utbygging, Kjell Inge Davik.
Selskapa som vert inviterte med vidare etter prekvalifiseringa får høve til å levere inn sitt første pristilbod på Sotrasambandet i desember 2020. Deretter blir det ein ny dialog- og forhandlingsfase som blir avslutta sommaren 2021 med kunngjering av kven som får OPS-kontrakten. Da vil byggearbeida kunne starte hausten 2021. Vegopning av firefeltsvegsystemet vil da finne stad årsskiftet 2024/25.
Val av kontraktsform
Kontraktsform vart bestemt av Stortinget i mai 2018. Da vart forslag frå regjeringa om bygging av ny Sotrabru på rv. 555 behandla. Stortinget gav si tilslutning/sin støtte til at prosjektet skulle gjennomførast som OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid).
Aktuelt for fylke:
Vestland