Artikkelen er frå 2008, og innhaldet kan vere utdatert.

Planarbeid med kommunedelplan og konsekvensutgreiing og endringar i traséalternativ som del av planprosessen.

Delprosjekt 1: Fastlandssambandet Sotra–Bergen
Delprosjekt 2: Sotra sør, rv. 555 Kolltveit–Austefjorden
Delprosjekt 3: Sotra nord, rv. 561 Kolltveit–Ågotnes

Statens vegvesen Region vest har i samråd med Bergen, Fjell og Sund kommuner starta opp planarbeid med konsekvensutgreiing og kommunedelplan for Sotrasambandet i samsvar med framlegg til planprogram for planarbeidet datert november 2006. Planprogrammet låg ute til høyring våren 2007.

Ein viktig del av dette planarbeidet er vidare vurdering av dei traséalternativa som er omtalte i planprogramma. Samarbeid med geologar og andre faggrupper og med kommunane og andre aktuelle samarbeidspartnarar, har gjeve oss stadig meir detaljert kunnskapsnivå både om planområdet og om veganlegget. Alle innspel, uttale og merknader som kom inn i høyringsperioden, har og vore ein del av grunnlaget for dei vurderingane som er gjort.

Som ein følgje av dette arbeidet, har Vegvesenet i samråd med dei berørte kommunane gjort nokre endringar i traséalternativa i høve til det som er vist i planprogrammet.

Alle endringar er omtalt i nytt informasjonsnotat som er vedlagt på denne sida.

Oppdaterte teikningar for alle traséalternativa som vert utgreidd i samband med KU og kommunedelplan vil bli lagt ut som vedlegg under kvart av delprosjekta.

Aktuelt for fylke: Vestland