Ny prosjektleiar på rv. 555 Sotrasambandet
Lene Sælen Rivenes i Statens vegvesen tek over prosjektleiaransvaret for Sotrasambandet midlertidig.
Endringa skjer som følje av at Arve Tjønn Rinde blir prosjektsjef for E39 Stord-Os (Hordfast).
Prosjektdirektør i Statens vegvesen, Kjartan Hove, fortel at Rivenes vil fungera som i stillinga fram til ny prosjektleiar er tilsett. Lene Sælen Rivenes kjem frå stillinga som kontraktansvarleg for tunnel i Sotrasambandet.
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik seier rv. 555 Sotrasambandet no er på veg inn i ein ny fase.
- Vi har dyktige personar i organisasjonen vår som vil følge Sotrasambandet inn i byggefasen. Endringane vi gjer no, er for å sikre oss gjennomføringskraft i alt det som skal skje i og rundt Bergen i åra som kjem, seier Davik.
Aktuelt for fylke:
Vestland