Rampen frå rundkøyringa ved Sartor senter og ned til rv. 555 vert stengd mellom 06-09 på kvardagar
Frå og med 18. november i tidsrommet mellom klokka 06 og 09 er det ikkje lov å køyre her.
Skilta har vore teipa i lengre tid, men i dag blir teipen fjerna og skilta blir aktive igjen.
Endringa kjem i samband med at Statens vegvesen no har avslutta og gjort ferdige dei forberedande arbeida i Arefjorden, og opphaveleg køyremønster vert no tilbakeført.