Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Bergan Bygg AS og TH Bhas Bygg AS vert tildelt kontrakten, som er utforma som ein fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging. Begge firma er lokale, og held til på Osterøy og i Øygarden.

Bergan Bygg AS er rangert som nr. 1 og TH Bhas bygg som nr. 2. Det inneber at Bergan Bygg AS får direkteavrop under 4,5 millionar medan avrop over 4,5 millionar skal ut på minikonkurranse mellom dei to leverandørane. Dette er ein av dei største støykontraktane vegvesenet har lyst ut nokon sinne.

Prosjektleiar i Statens vegvesen Arve Tjønn Rinde er veldig fornøgd med tildelinga.

- Dette er lokale firma med god erfaring frå arbeid med støytiltak i regi av Statens vegvesen, og vi ser fram til samarbeidet dei neste åra.

Rammeavtala vert inngått i samband med ny riksveg 555 Sotrasambandet, men kan og brukast av andre vegvesen-prosjekt i Bergen og omegn (Øygarden, Alver, Bjørnafjorden og Askøy).

Godt nøgde med kontraktstrategien

Vegvesenet valde rammeavtale for å sikre seg tilgang på kompetanse og kapasitet. Kontrakten er tildelt den leverandøren som leverte beste forhold mellom pris og kvalitet. Med rammeavtale blir det en intern konkurranse mellom kvar oppdragspakke.

- Det er mange bustader som skal ha tiltak, så vi ynsker å ha fleire leverandørar for å gjennomføre tiltaka raskt, med høg kvalitet og over tid lågare pris på utføringa. Med Bergan Bygg og TH Bhas Bygg på plass har vi fått på plass to gode leverandørar som vil bidra til å sikre sunn og god intern konkurranse om oppdraga i prosjektet, seier Rinde.

Konkurransen vart lyst ut hausten 2020, og i desember i år prekvalifiserte vegvesenet tre leverandørar, som alle leverte tilbod. Interessa i marknaden har vore god.

Under byggherreoverslaget

Begge leverandørar har prisa seg godt under byggeherreoverslaget.
• Bergan Bygg AS: 115 560 765 kr
• TH Bhas Bygg AS: 110 206 945 kr

Signering i mai

Kontrakten skal etter planen signerast i mai, og dei første arbeida vil starte i løpet av sommaren.

Dei første avropa er oppstartsavrop til begge leverandørar vil bli tildelt allereie i løpet av våren og deretter vil det gå slag i slag fram til støytiltaka på dei omlag 300 bustadane er utført. Bustadane som har fått innvilga støytiltak ligg på strekninga frå Loddefjord i Bergen vest til Kolltveit i Øygarden.



Kontaktpersoner

Arve Tjønn Rinde
Prosjektleder for Rv. 555 Sotrasambandet
Statens vegvesen
Tel: 930 31 874


Birger Ræmisch Matthiessen
Byggeleder Utbygging
Statens vegvesen
Tel: 468 69 971

 

Støyskjerm langs riksveg.
Støyskjerm lags riksveg (illustrasjonsbilde). Foto: Birger Ræmisch Matthiessen
Aktuelt for fylke: Vestland