Det er full drift på Rv. 555 Sotrasambandet, og i Knarrevika er støypinga av brutårna godt i gang. Dei ruvar no om lag 45 meter over fjorden.

Den nye firefelts brua mellom Sotra og Bergen skal stå klar i midten av 2027. Dei nær 30 000 bilane som passerar over "gamlebrua" kvart einaste døgn har fått med seg utviklinga sidan senkekassane blei frakta inn på lekter i fjor haust.

Sjå timelapse frå bygginga av brutårn og viadukt på Sotrasida frå hausten 2023 til no i videoen under. 

Timelapse Nye Sotrabru

Timelapse Nye Sotrabru på Knarrevik (Sotrasida). Video: Statens vegvesen.

300 m3 betong

Brutårna på kvar si side av fjorden har to tårnbein, og står på massive betongfundament støypt direkte mot berg. Det går med cirka 300 kubikkmeter betong i kvart fundament.

Prosjektleiar i Statens vegvesen Håkon Matre på eit av tårnbeina til Nye Sotrabru i Knarrevika. Dette er ikkje den første hengebrua Matre har ansvar for å følgje opp. Han var også med på å bygge Hardangerbrua som blei opna for trafikk i 2013.
Prosjektleiar i Statens vegvesen Håkon Matre på eit av tårnbeina til Nye Sotrabru i Knarrevika. Dette er ikkje den første hengebrua Matre har ansvar for å følgje opp. Han var også med på å bygge Hardangerbrua som blei opna for trafikk i 2013. Foto: Marthe Njåstad

— Når vi skal bygge hengebru, bygger me først brutårna. Deretter kjem det kablar over brutårna. Samstundes vert det bygd forankringar inne i fjellet som kablane skal henge fast i.

— Vi har eit mål når vi kjem til 128 meter, då skal kablane gå over, før vi bygger tårna vidare opp til 145 meter.

Til slutt kjem brukassen til staden og blir montert i hengestengene.

— Brukassen kjem sjøvegen og blir heist på plass frå ein lekter. Dette er den siste store brikka i puslespelet og skal skje i løpet av hausten 2026, seier Matre.

Estetikken vert forbetra ved å innføre svak helling

Bygginga av dei to viaduktane i kvar ende er godt i gang. Viaduktene er ilandføringa av av brua.

— I Knarrevika støypte vi nyleg brudekket på viadukten. Ein operasjon som kravde kontinuerleg støyping i rundt eitt heilt døgn. Over 100 betongbilar køyrde i skytteltrafikk inn til anleggsområde for å levere betong. Heile 1000 kubikkmeter med betong måtte til for å fullføre støypen.

Visualisering av brutårna. Det er Norconsult som har designa brua for Sotra Link.
Visualisering av brutårna. Det er Norconsult som har designa brua for Sotra Link. Illustrasjon: Norconsult

Det kjem til å gå med om lag 28.000 kubikkmeter med betong for å bygge brua. Det går fram av visualiseringa under at tårnbeina har ei svak helling innover mot køyrebana. Helling på tvers gjev eit betre visuelt uttrykk enn om tårnbeina hadde vore heilt vertikale.

På grunn av mange køyrefelt, har Nye Sotrabru ein ekstraordinær brei brubjelke slik at tårnbeina må separerast med stor avstand i mellom. Det er ikkje så lett å oppnå eit slankt og elegant utrykk når avstanden mellom tårnbeina er så stor som i dette tilfellet. Estetikken vert forbetra ved å innføre svak helling inn over mot køyrebana. Tårnbeina blir bundne saman med to tverrbjelkar.

Liten plass

Ein av utfordringane med å bygge brua er at det er trongt om plassen i byggefasen. Det å bygge brutårn krev store og tunge material. Entreprenøren må derfor planlegge godt for å utnytte plassen effektivt.

Mykje av arbeidet med ei hengebru går føre seg i høgda, og det er utfordringar med sikten på grunn av mørket i vintermånadene. Skikkeleg arbeidslys er naudsynt for å sikre at arbeidet går føre seg på ein trygg måte. I tillegg kan temperaturen bli lav og det er alltid vind i området.

Klatreforskaling

Tårnbeina vert bygde i etappar på cirka 4,5 meter. Til dette vert det brukt ein såkalla klatreforskaling. Klatreforskalinga er i dette tilfellet ei form som vert nytta om igjen for kvar etappe. Forma blir flytta oppover ved bruk av ein hydraulisk jekk.
Så snart betongen er tilstrekkeleg herda, klatrar forskalinga opp til neste etappe og derav namnet.

Det vert støypt om lag ein etappe i veka. Ein stor tårnkran er på plass og skal følge med brutårnet oppover. Den vil bidra med å løfte armering, betong og alt som trengs for å bygge brutårnet.

Lang byggetid og stort fokus på tryggleik

Lang byggetid er ei generell utfordring ved bygging av hengebruer. Grunnen til dette er at brua sine ulike delar må byggast etter kvarandre. Brutårna for Nye Sotrabru har ei byggetid på cirka to år, heile brua cirka fem år til saman.

Det er avgjerande å få god drill på mannskapet med raske og repeterande arbeidsoperasjonar for kvar etappe. I tillegg medfører arbeid i høgda alltid risiko for ulykker. Fokuset på tryggleik for arbeidarane er difor stort.

Fakta om Nye Sotrabru:

  • Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.
  • Brua blir 29,5 meter brei
  • Fri innseglingshøgde blir på 50 x 300 meter.
  • Brua får fire felt og eigen sykkelveg med fortau.
  • Til samanlikning er eksisterande Sotrabrua i dag 1236 meter lang med eit hovudspenn på 468 meter. Brutårna er 100 meter høge.

 

Aktuelt for fylke: Vestland